Overnatting på Sørheim

Sørheim Fjordpanorama skal vera ei spesiell oppleving. Hytta er plassert på Bergheim, rett ved kanten av stupet over Feigum. Her kan ein sjå ned på Feigesagi og høyra brølet frå Feigefossen med sine 218 meter i fritt fall.

 
 

Nøkkelinfo

- Topp moderne hytte på 21 kvm (1.etg og 19 kvm 2.etg)

-innlagt vatn og straum

- Opphaldsrom med stove og kjøken, inngangsparti, bad med dusj og toalett, hems med soveplassar

- Stor dobbeltseng, samt moglegheit for to ekstra soveplassar

- Store vindauge gir fantastisk utsikt over Lustrafjorden

 
 
 

20% rabatt på andre natta og fleire netter

Om hytta

Hytta har alle fasilitetar som eit luxus hotellrom, men det er lagt opp til sjølvhushaldning. Du vil finne eit fullt utstyrt kjøkken. Sjølv om hytta er lita har den kjøleskap, kombinert steikeomn/mikrobølgeomn, koketopp, ventilator og oppvaskmaskin.
Badet har wc, vaskeservant og dusj med utsikt. Det er golv-varme i heile første etasje.

Soverommet er plassert i andre etasje med m.a. stor dobbelteng. For å kome opp må du klatre i stige.

Sidan hytta er plassert på kanten av “preikestolen”, har du sjølvsagt ein fantastisk utsikt. Men det er heller ikkje ufarleg å gå rundt på kanten av stupet mot fjorden. Familiar med små born må ta omsyn til dette når dei bookar opphald her. Alle bevegelsar utanfor hytta er på eigen risiko. Dersom du har spesiell høgdeskrekk er kanskje ikkje dette plassen for deg?

Første etasje er 23 kvadrat og hemsen er på 20 kvadrat. Takhøgda på hemsen er to meter i front og 1,15 meter i bakkant.

For å kome opp til hytta frå fjorden må me følgje ein 2,5 km lang traktorveg, og ved hytta er me 350 meter over fjorden. Me tilbyr transport på traktorvegen for kr 850,- (tur/retur). Dersom du vil gå dei 350 høgdemetrane, er det sjølvsagt anledning til det. (Hugs ryggsekk, ikkje koffert). Dersom du har bil med firhjulstrekk og god bakkeklaring, kan du køyre opp sjølv. Det må me får melding om for å opne bommen.

Slik kjem du hit

Du kjem til Sørheim Fjordpanorama frå Fv. 5637.

Adressa der skogsbilvegen startar er:

Sørsidevegen 1316-1492

6876 Skjolden

Fjordpanorama ligg midt mellom verdsarvkyrkja på Ornes og enden av verdas lengste fjord, Skjolden. Fjordpanorama ligg 350 moh og er nærmaste nabo til Feigefossen, 218 m fritt fall.

 

 Bestill overnatting

Meir om hytta

 

Moderne fasilitetar

Hytta har to etasjar. Opphaldsrom og kjøken/dusj og toalett i første etasje, og soveplassar i andre etasje. Med store vindauger framfor opphaldsrommet og dobbeltsenga vil ein ha kjensle av å hengja over fjorden med fantastisk utsikt over landskapet og dei ville fjella ikring. For å gjera tilbodet eksklusivt er det lagt fram både vatn og straum. 

Ei heilt unik hytte

Hytta er teikna av det lokale selskapet Tone Berget Tegning, saman med Thomas Sørheim Evjestad. Val av innvendig material, interiør og lyssetjing er gjort av interiørakitekt. Det finnst berre ei slik hytte og det finst berre ein slik hyttetomt!

Berekraft og lokal handel

Søknaden om byggeløyve vart sendt i 2018. Frå starten av er det lagt vekt på berekraft i heile prosessen. Det er handla lokalt og det er nytta lokale entreprenørar og leverandørar til heile prosjektet. I tillegg ligg det mykje eigeninnsats i alt frå ide, planlegging, søknader, tomtearbeid og bygging. Godt vatn er henta frå borevatn 50 meter under Bergheim.

Heile verda for deg sjølv

På Sørheim Fjordpanorama får du «heile verda» for deg sjølv. Her vil du vere åleine på fjellhylla med dei fråflytta hilstoriske gardane. Det er god traktorveg frå fjorden og opp dei 350 høgdemetrane til tunet på Bergheim. Her står framleis «gamlestova» frå 1700 talet.

Den siste av dei to gardane vart fråflytta i 1967. Den gongen var det berre ein bratt sti som førde opp til gardane. Traktorvegen var bygd i 1992.

På stupet mot Feigum

Hytta er plassert 300 meter sør for gardstunet heilt ut på stupet mot Feigum. I det ville terrenget rundt hytta er det spektakulær utsikt, og all ferdsel utanfor hytteveggene må føregå med respekt for natur og dyreliv og er heilt på eige ansvar.

 

Vil du har fleire netter på Fjordpanorama, får du 20% rabatt på natt nummer to og vidare

 

 Sjå fleire bilde:

Her kan du sjå korleis Fjordpanorama ligg til.