Me tilbyr skreddersydde guida turar i området rundt Sørheim Fjordpanorama. Ingen kjenner området betre enn oss lokale. Me tek deg med på stiar få har vandra før deg, langt vekke frå turistar og storbymas. Trekk pusten, nyt naturen og bli med på ein uforgløymeleg tur.

 

 Nokre av turane me kan ta deg med på:

 

Desse tek deg med på tur

 

Thomas Evjestad Sørheim

Hallvard Evjestad Sørheim

 

Hallvard og Thomas Sørheim Evjestad har heilt sidan 5-6 årsalderen hatt fjella kring Sørheim som si leikegrind.

Dei har alltid søkt etter nye opplevingar i skog og mark og ikkje minst i høgfjellet, gjerne med fiskestonga i handa.  Ingen kjenner betre til fjella og dei beste fiskevatna på lustrahalvøya.  Desse opplevingane og aktivitetane la grunnlaget for at dei begge var mellom dei beste langrennsløparane i landet som gute- og juniorløparar.

Dei har hoppa av toppidrettssatsinga og er i dag busett og arbeider som sjølvstendig næringsdrivande på Sørheim.

Hallvard gjekk vidaregåande skule ved NTG Lillehammer, langrenn, Høgskolen på Lillehammer psykologistudie, buisiness management ved UAF Fairbanks, Alaska. I dag er han frukt-og bærdyrkar, ammekubonde og styrar av Lerum Industrimuseum.

Thomas gjekk NTG Lillehammer langrenn, har bachelor: økonomi og juss, halvtårseining i friluftsliv med freeriding i Chamonix, båtførarsetfikat (opp til 120 tonn).Han er no tømrar, sauebonde og har m.a. mange års erfaring frå guiding på fjorden (ribb) skog og fjell.

 

 Bestill din guida tur

Guida tur kan bookast i samband med overnatting, eller du kan velje å kun bli med på ein tur utan å overnatte. Det er opp til deg. Me lovar uansett at du får ei uforgløymeleg oppleving!

 

 Sjå fleire bilde frå området: