Om oss

 
 

“Me har bygd ei spesiell hytte, det finns berre ei slik hytte - det finnst berre ein slik plass - og den får du ha heilt for deg sjølv”.

Hallvard og Thomas kjem frå Gaupne, men no bur dei og arbeider med å utvikla gardane sine på Sørheim. Hallvard har stor bringebærproduksjon, ammekyr og er i ferd med å etablera ein stor eplehage med mange tusen epletre.

Thomas er i ferd med å bygge opp garden sin til sau med dei gode fjellbetia i Feigedalen som viktig råstoffgrunnlag.

Begge har som mål å nytte alle ressursane på garden på ein bærekraftig måte. Me vil at gardane skal kunne drivast til trygg og god matproduksjon i mange generasjonar framover.

Området på sørsida av Lusterfjorden ligg tett opp til verdsarven Urnes stavkyrkje og me ønskjer å skapa aktivitet som får fleire til å besøka, opphalde seg og bu på sørsida og nær verdsarven på Urnes. Med utgangspunkt i gardane våre og rettane som føl med, er dette eit unikt område for opplevingar i stille villmark utanfor allfarveg med spektakulær natur – frå fjorden, gjennom dalar med fantastiske fossefall til stille fjellmyrar og høgfjellet.

Me har brukt mykje av fritida vår frå me var små i denne villmarka. Me kjenner historia, alt frå gruvedrift, støls- og reindrift i området. Kunnskapen og erfaringane våre skal gje gjestene det unike som gjer turane til spanande opplevingar, gjerne i møte med villrein og dei beste fiskevatna.

Jaktar du på villmark, kan du knapt finne noko betre stad
— Tor Yttri om Feigedalen i boka «Til fjells i Sogn og Jotunheimen

Folka bak

 

Thomas Sørheim Evjestad

Hallvard Sørheim Evjestad

 

Hallvard og Thomas Sørheim Evjestad har heilt sidan 5-6 årsalderen hatt fjella kring Sørheim som si leikegrind.

Dei har alltid søkt etter nye opplevingar i skog og mark og ikkje minst i høgfjellet, gjerne med fiskestonga i handa.  Ingen kjenner betre til fjella og dei beste fiskevatna på lustrahalvøya. Desse opplevingane og aktivitetane la grunnlaget for at dei begge var mellom dei beste langrennsløparane i landet som gute- og juniorløparar.

Dei har hoppa av toppidrettssatsinga og er i dag busett og arbeider som sjølvstendig næringsdrivande på Sørheim.

Hallvard gjekk vidaregåande skule ved NTG Lillehammer, langrenn, Høgskolen på Lillehammer psykologistudie, buisiness management ved UAF Fairbanks, Alaska. I dag er han frukt-og bærdyrkar, ammekubonde og styrar av Lerum Industrimuseum.

Thomas gjekk NTG Lillehammer langrenn, har bachelor i økonomi og juss, halvtårseining i friluftsliv med freeriding i Chamonix, og båtførarsetfikat. Han er no tømrar, sauebonde og har mellom anna mange års erfaring frå guiding på fjorden (RIB), og i skog og fjell.