Velkomen til vakre Luster

 
 

Naturopplevingar

Luster byr på alt som finnst av naturopplevingar frå høgfjell og bre til dalar og bratte fjellsider ned i det eventyrlege fjordlandskapet.

Er du ute etter eventyr utandørs finn du knapt nokon betre stad. Her kan du uforske det spektakulære på eiga hand, eller du kan nyte opplevingane saman med lokale guidar eller stikke innom dei mange mange tilboda som finnst i området. Me lagar turen slik du vil ha den, kort eller lang.

Aktivitetar

Kva med spanande brevandring i blåisen, juving med Fjord Active eller å få vind i håret med ein RIB-tur på fjorden med Aventure Tours Norway?

https://www.stavechurch.com

Matopplevingar

Vil du ha ein roleg dag langs fjorden, finn du mange trivelege stader der du kan ta eit måltid eller ein kopp kaffi. Lerum Industrimusem på Sørheim har open kafe (avslapperiet) om sommaren. Det same har Feigesagi, ein liten koseleg kafe rett under Feigefossen. Skjolden Hotell er kjent for sine kulinariske tilbod og på den andre sida av fjorden finn du m.a. Lustrabui, eit bakeri med sine spesialitetar.

 
 

Sjå fleire bilde frå området: